Det er venta fleire at fleire tusen menneske vil kome til Oslo sentrum i morgon. I kveld blir det sett opp sperringar langs heile Karl Johan, og stabsjefen i Oslo-politiet seier at ei av dei viktigaste oppgåvene deira blir å hindre at nokon skal bli skadd dersom det oppstår trengsel ved sperringane.
Meir enn 1000 politifolk blir ute i gatene i samband med kronprinsbryllaupet. Politiet er usikre på kor mange menneske som vil trekkje ned mot bysentrum under bryllaupet.
Sist det var kongeleg bryllaup i Noreg, då det noverande kongeparet gifta seg i 1968, heldt dei fleste seg framfor fjernsynet. Men dette var i ei tid då var fjernsynet forholdsvis nytt i Noreg. No kan det vere meir attraktivt for dei som bur i nærleiken av Oslo å møte fram for å følgje den historiske hendinga i levande live.
Oslo-politiet trur likevel dei er godt førebudde til å ta vare på tryggleiken til både dei kongelege, gjestane og publikum i Oslo sentrum.