Kronprinsen braut med det for fyrste gong prinsippet om ikkje å snakke offentleg om privatlivet sitt. Han sa at han gjorde det for å få debatten inn på rett spor, og for å unngå press på dei andre involverte i saka.
Kronprinsen sa at han ynskte å informere det norske folket dersom forhaldet til Mette-Marit vart formalisert, men at forholdet mellom dei trong tid før det kunne skje.
Kronprins Haakon og Terje Svabø på Skaugum. Foto: NRK
Forholdet mellom kronprinsen og Mette-Marit var eit heitt tema i norsk presse i tida før kronprinsen gjekk ut. Det vart mellom anna kjent at Mette-Marit hadde eit born med ein mann som er dømd for fleire kriminelle forhold. Vekebladet Se og Hør avslørte at Oslo-politiet skildra nokre av dei tidlegare venene til Mette-Marit som ein tryggingsrisiko for kongefamilien, og dette bidrog heller ikkje til å roe ned reaksjonane.
Jens Stoltenberg. Foto: NRK
Stoltenberg var orientert
Statsminister Jens Stoltenberg sa at kronprins Haakons forhold til Mette-Marit Tjessem Høiby var ein privatsak.
Statsministeren var orientert av kong Harald på førehand om at kronprinsen ville gje eit intervju til NRK om forholdet.