Hopp til innhold

Vestlandsspråket som forsvann

- Esten ass Ans håt øy so det va akka alm!
Dette ga god meining på Sunmøre for 100 år sidan. Lever halvemålet framleis?

R.Fot.09633: Hest og vogn – okse og vogn, fotografert i forbindelse med Jørgen B. Lysholms besøk i E
Foto: R.Fot. Utlånt av Bjørn Austigard. Romsdalsmuseets fotoarkiv.

- 'Esten ass Ans', veit de kva det betyr?

Spørsmålet møter undrande blikk frå 8-åringane ved Alnes skule utanfor Ålesund:

- Nei....
- Det betyr 'hesten hans Hans'.

Borna ler. Halvemålet har dei aldri høyrt om.

Terga gamlekarane

Einar J Alnes

Einar J Alnes med eit kart frå 1700-talet. På kartet står det ikkje Alnes, men Halnes.

Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

- Gamlekarane snakka halvemål så det gneistra etter, og me unggutane som høyrde på hadde moro med dei.

Lars Petter Alnes, Einar J Alnes og Einar K Alnes er alle kring 80 år. Då dei voks opp var halvemålet vanleg heime.

- Han far var grådig til å snakke halvemål. Han kalla guten min, Espen, for Hespen, hugsar Einar J.

Sjølve plasserer dei tre h-lyden slik nordmenn flest gjer, berre somme setningar på halvemål snik seg inn ein gong iblant.

Den lunefulle h-lyden

- I halvemål kuttar ein ut h'en i ord som startar med h. Dessutan føyer enkelte til h i ord som startar med vokal.

Helge Sandøy, professor i nordisk ved Universitetet i Bergen, forklarar korleis 'han Ola' blir 'an Hola'.

- Dette var vanleg langs kysten frå Nordre Sunmøre til Øygarden i Hordaland. Ein fann det òg i indre deler av Nordfjord, men i dag er det lite att av halvemålet.

Jakta på halvemålet, reportasje i Språkteigen.

Arne Græsdal

Reporter Arne Græsdal leita etter halvemålet i 1959.

Foto: NRK

Borna retta på far

Det er gjerne foreldre som brukar å rette på borna sitt språk, men i ein 50 år gammal reportasje møter me sunmøringar som blir retta på av borna sine.

- Me er skamfulle. Dei som veks opp i dag pratar rett.

Dette svaret fekk NRK-reporter Arne Græsdal då han i 1959 leita etter halvemålsbrukarar på Sunmøre.

- Har du born? spør Græsdal.
- Ja, to. Dei kjem heim frå skulen og seier: 'Du må snakke rett, far. Du pratar mykje halvemål'. Difor tek eg meg saman, svarar sunmøringen.

Høyr reportasjen frå 1959.

Karane på Alnes

F.v. Einar K Alnes, Lars Petter Alnes og Einar J Alnes saknar ikkje halvemålet.

Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

Saknar ikkje halvemålet

- Det kan nok stemme at me terga gamlekarane litt, seier Einar J Alnes.

Hverken han, Einar K eller Lars Petter tykkjer det er dumt at halvemålet er forsvunne frå Alnes.

- Det er heilt greit. Me får snakke som vanlege folk.

Kvil i fred

Språkforskar Helge Sandøy er litt meir vemodig.

- Når visse språkdrag blir stigmatiserte kan det gå så gale som i dette tilfellet. Halvemålet blei latterleggjort, medan andre lokale språkdrag ikkje blei det.

Helge Sandøy

Professor Helge Sandøy trur halvemålet er heilt borte i dag.

Foto: Kjerstin Gjengedal, På Høyden

Men det som blir latterleggjort kan òg fascinere. Eit kjapt søk på nettet viser tydeleg at den oppveksande generasjonen har sansen for det som er anleis:
Aina si oldemor snakka halvemål

Om ei gravskrift frå Sunmøre skriv Ida Martine (20) på bloggen sin:

- Det er det vakreste farvel til en liten pike jeg har sett.

Hinkje oppar o meir,
hinkje dansar o meir,
hinkje plukkar o blomar
på markijne meir.

Og ikkje snakkar ein halvemål på Vestlandet meir.

Høyr meir om halvemålet i Språkteigen søndag 21. mars.

Språkteigen finst òg på Facebook , på Twitter , og som podkast .