Hopp til innhold

Som far så son

Høyr samtale med dei tidlegare stortingsrepresentantane Olav A. Versto og sonen Aslak O. Versto frå Vinje.

Familien Versto var representert på Stortinget så å seia samanhengande frå 1928 til 1977. Olav A. Versto kom inn på Stortinget i 1928 og sat der til 1961. I 1963 møtte sonen Aslak først som vararepresentant, og seinare som innvald representant for Arbeiderpartiet i Telemark. Han representerte Telemark fylke fram til 1977.

I dette programmet frå 1976 kan du møte dei to tingmennene i samtale med NRKs Åsulv Edland:

Verstoane fortel om oppveksten og korleis dei blei politisk aktive. Båe to stod på venstresida i Arbeiderpartiet, og arbeidde i stor grad med dei same sakene. Olav Versto var på Stortinget då dei fekk elektrisk straum i Vest-Telemark, og Aslak var ordførar i Vinje kommune då Tokke-utbygginga kom i gang.

Saman mot EF

Båe politikarane, far og son, engasjerte seg i mellom anna landbruks- og kommunepolitikk. Dei sto også saman i kampen mot norsk EF-medlemskap. Olav satt på Stortinget då Noreg melde seg inn i NATO, men var mot dette.

Kjend familie

Ei tid såg det ut til at vi skulle få endå ein Versto i rikspolitikken. Olav heitte han også, og var aktiv i studentpolitikken, men Vesle Olav, som bestefaren Olav kalla han, blei journalist, kommentator og redaktør i NRK og VG.

No er dei døde alle dei tre engasjerte samfunnsmenneska og politikarane frå Vinje, men dei hadde mykje å sjå tilbake på då dei blei intervjua i 1976.

Høyr programmet på NRK Gull måndag 30. januar.