Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 26. mars

Lære å døy

Geir Gundersen
Foto: Tina Fagerhus Brodal/Blå Kors / Blå Kors

God morgon!

I denne veka, midt i fastetida, har eg invitert lyttarane mine til å reflektere saman med meg over nokre store spørsmål, om liv og død, om vår forgjengelegdom, om vegen mot døden som ein umisseleg del av livet.

Eg veit, med ei visse frå djupet i sjela, at eg har byrja på den siste delen av livet mitt.

Eg veit at mi største oppgåve no er å fullføre livet, å leve det til endes slik det faktisk blir, vakent og medvite. Heile vegen.

Eg veit og, like klart, at denne oppgåva kan eg ikkje makte utan hjelp. Ingen kan fullføre livet utan hjelp. Eg, Geir Gundersen, kan ikkje fullføre livet utan hjelp. På det djupaste planet veit eg at det faktisk ikkje er eg som fullfører livet. Det er Gud som fullfører det i meg. Han fullfører det livet han ein gong skapte.

Slik Paulus seier det i Filiparbrevet, til menneske han har lært å elske: "Eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag".

Det er vidunderlege ord. Men dei tek ikkje bort mitt eige ansvar for livet mitt, heller ikkje for å fullføre det. Tvert om dei skjerpar det: korleis vil eg leve fullt og heilt mot enden når mi gjerning er ein del av Guds? Eg treng hjelp. Og eg treng ikkje berre hjelp frå Gud, eg treng hjelp frå dei menneska eg har fått å leve saman med.

Då høyrer eg ei røyst i hjartet: Sjå på dei som har gått før deg og ta imot den hjelpa det gir! Så no gjer eg det. Eg tenkjer på foreldrene mine som har nådd sine liv mål. Eg tenkjer: dei gjorde meir enn å ta imot meg og føre meg inn i livet, dei lærte meg også å døy. Harry og Ester.

Dei var så ulike, dei fullførde livet sitt så ulikt og på ein heilt personleg måte. Far Harry var ein praktisk og jordnær mann. Ingen djupe samtalar før han døydde. Men når han var klar til å fare, viste han det bokstaveleg tala ved ein gest, han lyfte armane sine mot himmelen.

Mor Ester song sine åndelege songar og hade mykje ho ville snakke om. Men den djupaste trangen var dette: først å kome heim i seg sjøl, så kunne ho gå heim til sin far i himmelen.

Så no lærer eg å fullføre livet av deira eksempel. I desse eksempla høyrer eg også Jesu ord frå Joh 11: "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr". Og snart skal Johnny Cash synge: "Aint no grave can hold my body down". Inga grav kan halde på min kropp.

Tekst: Joh 11,17-31

Geir Gundersen

Musikk: Johnny Cash - "Ain't no grave can hold my body down"

Skog