Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 25. mars

Gledesjokk

Geir Gundersen
Foto: Tina Fagerhus Brodal/Blå Kors / Blå Kors

God morgon!

I dag vaknar vi til eit gledesjokk. For ingen kan nekte for at den 25. mars er det ni månader til juledagen 25. desember. Det er Marimessedag, feira av den kristne kyrkja verda over som Maria Bodskapsdag. Midt i denne veka der bibeltekstar og andaktsord opnar vårt forhold til døden, kilar det seg inn ein dag som prisar livsens byrjing.

Vi er i Lukasevangeliet sitt første kapitel. Sjå dei to gravide kvinnene Maria og Elisabeth. Maria på veg opp til fjellbygdene i Juda for å møte slektningen sin Elisabeth, Maria fylt til randa i sitt unge kvinneliv av engelens bodskap om at ho skal bli mor til Frelsarbarnet.

"Ho gjekk inn til Elisabeth og helsa på henne", står det. "Då Elisabeth høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: "Velsigna vere du mellom kvinner og velsigna er frukta av ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min, kjem til meg?".

Vi menn får trø varsamt her. Og lytte andektig. Når to kvinner som Gud har vald ut, let seg lyfte opp av det livet som gror i dei og foster møter foster med lovsang.

"Alle kilder bryter fram i glede", slik opnar Eyvind Skeie sin salme på Marimessedag. Det er trua sitt språk, det er slik trua forstår denne scenen mellom Maria og Elisabeth.

Barnet i Elisabeths mage hoppar av fryd over barnet i Marias mage – og alle grenser blir sprengde, og alle livsens kjelder bryt fram i glede. Ein frelsar skal fødast – og det skal ikkje vere ende på kongedømmet hans.

Og Eyvind Skeie syng med Maria og Elisabeth:

Skriftens skjulte ord og dunkle løfter

brister nå som knoppene om våren,

og det dufter alt av paradiset.

Du være lovet Kristus.

Ja, slik kjenner eg det og. Eg, ein godt vaksen mann som veit at eg har byrja på den siste delen av livet, i denne kvinnesangen over Guds under i mors liv, kjenner eg alt dufta av paradiset, dit eg er på veg. For her er det Marimesse og jul og påske og pinse på ein gong.

Eg som sjølv ein gong var eit under i mi mors liv, eg som no er på veg til å fullføre livet mitt, eg blir dregen inn i Marias og Elisabeths sang, ja meir enn det, eg blir omfamna av det livet dei syng om, han som opna paradiset gjennom sitt liv og sin død

Alle mine kilder er hos Jesus,

Og de bryter frem i Åndens glede

når jeg bøyer meg og priser Herren.

Du være lovet Kristus.

Tekst Luk 1,39-45

Geir Gundersen

Musikk: Ung Kirkesang - "Alle kilder bryter frem i glede"

Skog