Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 23. mars

Hjelp meg, Herre.

Geir Gundersen
Foto: Tina Fagerhus Brodal/Blå Kors / Blå Kors

God morgon!

Eg er meir enn ein godt vaksen mann, eg er ein eldre mann, ja det er eg, eg går mot 67 år. Djupt inne i meg veit eg at eg har byrja på den siste delen av livet. Menneskelivet kan delast inn i fasar på ulike måtar. Men eg veit, på den heilt personlege måten, at eg har opna den delen der livet skal fullførast, vegen heilt fram til enden.

Eg tenkjer: det er nødvendig for meg som andaktshaldar å forankre meg i denne personlege sanninga – no når vi byrjar på den siste veka før Palmesøndag, før den stille veka der vi skal følgje Jesus når han fullfører livet sitt.

Med eitt unnatak er alle bibeltekstane denne veka er henta frå Johannesevangeliet kap.11. Les det gjerne i eitt når du er for deg sjøl, ta det inn, ord for ord, fortellinga med overskrifta ”Jesus vekkjer opp Lasarus”.

Slik opnar den: Ein mann som heitte Lasarus låg sjuk. Sjå der, ein alvorleg sjuk mann i senga si. Ved Lasarus si seng sit systrene Marta og Maria, dei er ein syskenflokk som Jesus kjenner meir enn godt.

Systrene sender bod til Jesus der han er: ”Herre, han som du er så glad i, er sjuk”. Og like etter les vi, stadfestande, utvidande: ”Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.

Eg går inn i denne kjærleiken, Jesu kjærleik til den sengeliggande Lasarus og dei sørgande systrene hans. Systrene saman med sin sjuke bror. Over dei, mellom dei, under dei, inni dei: Jesu kjærleik.

Lat oss no, roleg og vakent utvide perspektivet saman – så vi kan kjenne Jesu ømheit og varme hjarte for alle som er alvorleg sjuke og dei som står rundt. Ja, lat oss legge oss sjølve inn i dette rommet, med våre symptomar og vår forgjengeledom, så vi kjenner kva det betyr at Gud bryr seg, at vi er famna av hans kjærleik.

Ikkje sånn prinsipielt, men konkret og kroppsleg. Eg kjem frå Han, eg skal til Han – og og på denne vegen der livet mtt skal fullførast til enden, er hans kjærleik den djupaste røyndomen.

Om ei lita stund skal eg dele med dykk ein song som eg får gå inn i når det røyner på. Med meg tek eg alle dei eg kjenner og er glad i, som strevar med livet sitt nett no. Det er plass i for deg og.

Det er ein aldrande Johnny Cash som syng heilt mot slutten av livet sitt: "Oh, Lord help me walk another mile, just one more mile. I’m tired of walking all alone."

Herre hjelp meg. Før trudde eg at eg ikkje trong hjelp. No veit at den beste måten å fullføre livet på er å legge seg i fanget til han som skal fullføre det.

Joh 11, 1-10

Geir Gundersen

Musikk: Johnny Cash - "Help me"

Skog