Kjell Bondevik og Jon Leirfall ser tilbake

Dei sat på Stortinget mange år samtidig, og blei to markerte politikar som satte tydelege spor.

Kjell Bondevik

Kjell Bondevik ble 'såra og vonbroten' da regjeringsforhandlingene brøt sammen i 1971.

Jon Leirfall kom inn på Stortinget som vararepresentant for Bondepartiet ,som Senterpartiet då heitte, i 1938 og innvald representant for Nord- Trøndelag i 1945. Han gjekk ut av Stortinget i 1965 og då hadde partiet skift namn til Senterpartiet.
Leirfall blei kjent for sine mange gode replikkar og innlegg, han skreiv også fleire «historiske sogebøker» frå det politiske miljøet.

Bondevik - djupt såra og vonbroten

Kjell Bondevik blei innvald på Stortinget 1950 og også han sat der fram til 1965. Han var også statsråd i både Lyng-regjeringa og Borten- regjeringa.
Då Borten-regjeringa måtte gå av 1971,blei det forhandlingar for å få til ei ny fireparti- regjering med Kjell Bondevik som statsminister . Forhandlingene braut saman og Bondevik utalte då det som har blitt ståande som ein stor replikk i norsk politisk i historie: Eg er djupt såra og vonbroten.

I dette programmet fastheld Bondevik at han blei svært vonbroten, men har trur ikkje regjeringa ville fått eit langt liv om forhandlingane hadde ført fram.

Jon Leirfall

Jon Leirfall satt for Bondepartiet på Stortinget i 1938.

Foto: Scan-Foto / Scanpix

Leirfall seir han trur det var godt det gjekk som det gjekk, særleg med tanke på folkerøystinga om EF for 40 år sidan, altså i 1972.

Dette programmet som er ved Åsulv Edland blei også sendt i desember i 1975.

Hør programmet på NRK Gull mandag 6. februar.