AA er ei rørsle der alkoholikarar hjelper andre alkoholikarar med å bli og halde seg edru. AA har over 100 000 grupper verda over. Deira historie startar med historia til Bill , fødd i 1895, død i 1971. Bill , ein gåverik forretningsmann, har vikla seg inn i eit vanvittig misbruk av alkohol. 39 år gamal er Bill på ny lagt inn på ein avvenningsklinikk. Nedsøkt i fortviling og depresjon, fylt av ein frykteleg kunnskap om at han er uhelbredeleg sjuk, gjer han så ei åndeleg erfaring, tilskunda av ein gamal drikkekamerat som er blitt edru. Han ligg i senga og så – i følgje han sjølv – ropar han høgt: Eg er villig til å gjere kva som helst! Kva som helst! Dersom det er ein Gud, lat han vise seg!”
Det gjer Gud. Han gjer det på ein slik måte at ut frå Bill og andre alkoholikarar si erfaring veks dei 12 stega i AAs tilfriskningsprogram fram. Her er dei tre første stega:
1. Vi innrømmet at vi var maktløse overfor alkohol, og at vi ikke lenger kunne mestre våre liv.
2. Vi kom til å tro at en Makt større enn oss selv kunne bringe oss tilbake til sunn fornuft.
3. Vi bestemte oss til å overlate vår vilje og vårt liv til Guds omsorg, slik vi selv
oppfattet Ham.
Slik eg les denne historia, har Bill og AA oppdaga noko som er sant for alle. Dei har oppdaga ein grunnstruktur i den skapte røyndomen, dei har oppdaga at den som opnar seg for sanninga, beisk eller søt, vil kome i kontakt med den verkelege Gud, han som er sanning og kjærleik. Dei har oppdaga at deira eige rop om hjelp i den største nød er eit ekko av Guds eige rop i menneskehjarte: Kom til meg de som eg har elska fram, alle de som slit og har tungt å bere, eg vil gje dykk kvile.
I dagens ord frå Matteusevangeliet, kap. 8 møter vi ein mann som går den same vegen. Han var spedalsk, står det, han er i den store flokken som følgjer Jesus ned frå fjellet. Vi veit ikkje kva som driv flokken. Men vi veit kva som driv den spedalske mannen. Han kastar seg ned for Jesu føter: Herre, om du vil, kan du gjere meg rein. ”Jesus rette ut handa og rørte ved han: ”Eg vil”, sa han. ”Bli rein!” Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin”.
Eg kjenner: Eg vil gå i fotspora til Bill og AA og den spedalske mannen. Eg går Gud i møte. Eg bøyer meg og seier: Herre, om du vil, kan du gjere meg rein. Rein og frisk midt mine sjukdomar.
Geir Gundersen
Musikk: Kristina Jølstad Moi - "Mitt håp"