Slik opnar Sigurd Muri sin salme om adventskransen. Vi har tent det første lyset. Det står åleine. Det opnar ei glipe i haustmørkret, det opnar ei ny tid, det opnar kyrkjeåret, det opnar hjartet for det som skal kome. Men det står åleine ei heil veke. Det held oss fast i den vesle byrjinga. Så hjartet sine djupaste og mest personlege spørsmål kan vekse roleg fram – og møte han som kjem. Kongen. Barnet.
Idag viser det første lyset tilbake til den første byrjinga. Då alt kom til. Då livet fekk form. Vi les frå dagens tekstord i det første kapitlet i Bibelen, i forteljinga om korleis Gud i opphavet skapte himmel og jord og kalla fram alt levande, og no om det som hende på den sjette dagen:
Gud sa:
Lat oss laga menneske i vårt bilete, så det liknar oss….
Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: ”Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg den under dykk!”
Det er som om det første adventslyset også lyser opp Guds hjarte, så vi ser like inn i det og kjem heilt, heilt nær denne største av alle kjærleikshandlingar: at Gud elskar fram mennesket i sitt bilete.
Nærare kjem vi ikkje og klarare kan ikkje menneskeverdet uttrykkast. No kan ikkje mennesket tenkast utan Gud og Gud kan ikkje tenkast utan mennesket. Der Den Eine er, er også Den Andre. Så intimt er dette forholdet. Så menneskeleg er Gud. Så gudommeleg er mennesket. Eg ser inn i andletet til eit anna menneske, same kor det er på kloden. Og ser biletet av Guds kjærlege andlet. Eg ser på meg sjølv og finn det same biletet. Mysteriet Gud og mysteriet menneske, to sider ved den same mynten.
I dag, 2. desember, feirar vi FNs internasjonale dag for avskaffing av slaveriet. Eg spør: er slaveriet avskaffa, eller lever det i stendig nye, tilslørte former?
I NRKs TV-serie om korleis Europa vaktar grensene sine for å hindre fattige afrikanarar å kome over dei, ser vi skakande bilete frå ei verd der menneskeverdet blir systematisk krenka. Eg tenkjer ikkje på innvandringspolitikken – der får det vere rom for ulike syn – eg tenkjer på det menneskesynet som blir demonstrert i handhevinga av makta ved grenseovergangane. Eg ser ein afrikanar bere ein såra kamerat på ryggen og sjå inn i kameraet med følgjande spørsmål: Kvifor er det ingen som bryr seg om oss? Korleis går det an å ikkje bry seg?
Kyrie eleison! Herre, miskunna deg over oss.
Geir Gundersen
Musikk: Tommy Körberg - "Jag behövde en nästa"