Sjå og smake og kjenne korleis lyset opnar opp desembermorgonen, opnar opp adventstida, opnar døra for dagens prosesjon. Det er undeleg, adventstekstar og adventssongar er fulle av prosesjonar: gjer døra høg, gjer porten vid, folk i flokk og følgje mot eit mål. Ingen prosesjon utan at vi kan telje kvar og ein som går. Men ikkje eit einaste menneske kan klare seg utan å vere i følgje med andre.
Kva er det som hender i dagens prosesjon? Kven er med, kor går vegen og kva handlar prosesjonen om?
Førebuinga er spesiell. I følgje Matteusevangeliet kap. 21 er Jesus og læresveinane på veg til Jerusalem og den jødiske påskefeiringa. Jesus sender to læresveinar med det underlege oppdraget at dei skal finne og hente eit esel med ein fole som står bundne i den næraste landsbyen. Skulle nokon spørje kva dei held på med, skal dei svare:
Herren har bruk for det. Som sagt, så gjort. Læresveinane hentar eselet og eselfolen, legg kappene sine på det – og Jesus set seg oppå.
Sjå dagens prosesjon. Jesus først, sittande på eit esel med læresveinane sine kapper under seg. Langs vegen mykje folk. Somme blir med i følgjet, gåande bak Jesus. Mange breier kappene sine på vegen framfor Jesus, andre høgg greiner av trea og legg oppå kappene. Det er sang og klang og høge rop:
Hosianna, Davids son!
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!
Kva er dette for ein prosesjon? Det smakar påske av den, men av kva slag? Og dei som går i følgjet bak Jesus, dei som hyllar rabbi Jesus ridande på eit esel, som jublande set si von om forløysing og fridom til denne mannen, veit ikkje kva som er prosesjonens mål, at kongen dei lovprisar skal lide og døy og dei sjølve rope korsfest, korsfest.
Det smakar påske av denne prosesjonen midt i den første adventsveka. Og lik det syngande følgjet kjenner heller ikkje eg fasiten. Men eg kjenner smaken av påske og anar at eg må finne plassen min i hans følgje. Det får bere eller breste. Inga adventsglede utan påskesmak.
Nå vandrer fra hver en verdens krok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog, mot Betlehem, mot Betlehem. Ja. Først Betlehem. Så Jerusalem og Golgata. Så har prosesjonen nådd målet sitt.
Geir Gundersen
Musikk: Karoline Krüger og Sigvart Dagsland - "Nå vandrer fra hver en verdenskrok"