Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 24. september

Verkeleg fri

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Å vere avhengig er å vere låst inne i ein konkret ufridom.

"Eg, arme menneske!" ropar apostelen Paulus når han har oppdaga sin konkrete ufridom: at han handlar stikk i strid med det han veit er rett.

Å kome ut av fornekting og løgn og sjå sanninga om avhengigheit i augene, er første steget på veg mot fridom. Men det er også skræmande. Vegen er kort til sjølfordøming. Den avhengige er ofte sin eigen hardaste dommar.

Og dommen over seg sjøl kan føre inn i ein ny illusjon: Eg er ein så stor syndar, eg har gjort så stor skade på meg sjøl og andre at eg ikkje fortener eit betre liv. Alle som har stått i denne kampen eller som har arbeidd med å hjelpe menneske ut av avhengigheit, ja eigentleg alle som arbeider alvorleg med livet sitt, veit at fortviling og sjølforakt er ein like destruktiv illusjon som fornekting og overmot.

Kva kan hjelpe meg, arme menneske, ut av desse grøftene? Kva kan sette mine skjelvande, veike føter på stø grunn? Ein gong sa Jesus desse gåtefulle orda til menneske som var fanga i si blindheit:

"Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk. Kvar den som gjer synd, er slave under synda. Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie".

Å Jesus, kva er den sanninga som kan gjere meg fri? Kva for røyndom går djupare enn mine tendensar til overmot eller fortviling? Kva seier du? At eg allereie er sett fri? At eg er din bror og Faderens elska barn? At eg skal få bo i kjærleikens hus for alltid, ja til evig tid, same kva som hender?

At din kjærleik er min eigentlege identitet? At du som elska meg fram til livet, vil elske meg inn i eit stendig større rom av fridom, om du berre får sleppe til? At du vil elske meg heilt heim?

Eg tenkjer: det er denne røyndomen, ja erfaringa av denne røyndomen, Johnny Cash syng seg inn i, i "Personal Jesus". Røffe taktar til eit røft liv. Men her er Evangeliet. Får Sonen gjort deg fri, blir du verkeleg fri.

Your own, personal, Jesus. Din eigen, din personlege Jesus.

Some one to hear your prayers, someone who cares.

Ein som høyrer bønene dine. Ein som bryr seg.

I will deliver. You know I’m a forgiver. Reach out and touch faith.

Eg vil sette deg fri.

Eg tilgir.

Tekst: Joh 8,31-36

Geir Gundersen

Musikk: Johnny Cash - Personal Jesus

Skog