Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 22. juli

Salige er de som skapar fred!

Kumlokk St. Hallvard
Foto: Juanjo Marin

Eg går på brustein og asfalt i Oslo i dag, 22. Juli., fire år etter terroråtaket her og på Utøya. Eg ser opp på Høyblokka i Regjeringskvartalet. Ho er pakka inn i ein stor duk, vindauga er teikna inn i duken.

Eg ser ned, ned på asfalten og kumlokka. Og eg oppdagar ei fantastisk utsmykking. Eit kumlokk er eit deksel over ein kum eller anna holrom under bakkenivå. Eg ser ein person med ein glorie rundt seg. Hendene hans er strekt ut til sidene. Under beina til denne personen ligg det det ei kvinne langstrakt.

St Hallvard er det som prydar kumlokka i Oslo. Tre piler har han i venstre handa og i høgre handa held han ein kvernstein. Hallvard var som mange veit, ein ung mann av høvdingætt frå Lier ved Drammen. Han blei fødd omkring år 1020 på Husaby i Lier.

Ein vårdag mens han var ute med båten sin i Drammensfjorden høyrde han hyl og gråt bak seg. Ei fattig, gravid trellkvinne kom springande for livet med tre menn etter seg. Ho trygla Hallvard om å ta henne med seg over fjorden.

Han tok kvinna opp i båten sin og rodde utover, men dei rasande forfølgjarane tok dei igjen. Dei meinte kvinna var ein tjuv.

Under ordstriden som følgde der Hallvard hevda at kvinna hadde krav på ein rettferdig rettargong, skaut forfølgjarane etter dei med pil og bue. Dei trefte og drap både Hallvard og kvinna. Liket blei senka i fjorden, bunde til ein kvernstein.

No er St Hallvard helgen både hos ortodokse og katolske kristne.

Kumlokka i Oslo viser fram dette: Hallvard med kvernstein i den eine handa og tre piler i den andre handa. Den eine for Hallvard, den andre for kvinna. Og den tredje for det ufødde livet ho bar i magen.

Kvinna som han forsøkte å redde, ligg ved føtene hans. Hallvard er helten som sette sitt eige liv inn for å berge liv.

Ein Kristusetterfølgjar var Hallvard.

Utan vald kjempa han for å redde ei forsvarslaus fattig kvinne. Offer for vald blei han.

Eg fekk tilsendt ei bøn på denne dagen for 4 år sidan. Eg ber med orda eg fekk frå Tone:

Kjære Gud,
hvor du nå er:
Der ute eller her inne,
eller om du slett ikke finnes som noe annet enn
et resultat
av vår lengsel og uro

- kanskje særlig da:

Hjelp oss å tåle smerten

finne ord for raseriet

skrikene for sorg
slik at vi ikke forstenes og lager kuler

av bly og ord.

Hjelp oss å kjenne kjærligheten
som finnes i verden.

Salige er de som skapar fred!

Kari Veiteberg

Musikk: Kari, Ola og Lars Bremnes synger "Å kunne æ skrive"

Skog