Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 20. juli

Alles tilgang til det vakre

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Eg går gjennom byen og gatene her i Oslo. I dag starta eg på Tøyen. Der er det så vakre blomekasser! Store snekra tre -kasser som det står Ungdomsverkstedet på. er sett utover asfalten i Kolstadgata. Eg høyrer at Ungdomsverskstedet gjer dette saman med La Humla suse. La Humla suse vil betre humlas levevilkår I byen vår. Nydeleg!

"Alles tilgang til det vakre", er mitt kamprop. Nokre av dykk som høyrer på radion no, ser utover sjøen, nokre ser på ei bed med blomar. Ei nonne i Brasil, Ivone Gebara heiter ho, fortel at ho aldri har vore på sjøen. "Eg har ingen erfaring frå jungelen, frå elvar, sjøar eller dyr, seier ho. Eg har aldri vore utsett for sterk kulde. Eg bur i ein storby i Brasil."

Ho fortsetter "Så min måte å tenkje om blomar, elvar og fossebrus er basert på erfaringa til dei som har begrensa tilgang til grøne område og reint vatn," seier Ivone og held fram:

"I min by er det reine fine nabolag, med store hagar. Det er dei rike nabolaga. Men desse nabolaga blir reingjort av fattige, ofte fattige kvinner, som ikkje bur der. Derfor blir kampropet: ALLES tilgang skjønnheita, det vakre, blomane, fuglesongen!"

Eg, her i Oslo, blir styrka i trua av blomekassane på Tøyen. Det blir eg og av geriljagartnarane: "Mer blomster, mer lykke til menneskene," seier dei og går ut med spadar, frø, økologisk gjødsel og sår poteter og grønsaker midt i byen. I fjor fekk Manglerud politistasjon grasløk, kål og setteløk utafor lokala sine!

Eg håpar at du ser ein blom i dag. Ta skjønnheita til deg som ei helsing til deg! Måtte alle få del i desse gåvene, og i byen vår. Eg ber om at morgondagens barn ikkje må trenge å oppsøke museum for å få sjå naturens underverk. At forureining og uvettig utnytting må ta slutt, slik at øydemarka jublar og blømer.

Frå profeten Jesaja kap 35:

Ørken og tørt land skal gleda seg,

øydemarka skal jubla og bløma,

som lilja skal ho bløma

og jubla, ja, ropa av fryd.

Kari Veiteberg

Musikk: Lill Lindfors og Nils Landgren - "Den blomstertid nu kommer"

Skog