NRK har søkt om å få visa reaksjonane til den tiltalte utan lyd. Retten opplyser i dag at dei ikkje vil gjera unnatak i Kringkastingslova til dette formålet.
– Eit fleirtal av dommarane meiner det er ein reell fare for at tiltalte vil opptre annleis dersom reaksjonane hans blir kringkasta. Dette vil også kunne gå utover retten sitt grunnlag for tilreknelegheitsvurderinga, sa fagdommar og administrator Wenche Elizabeth Arntzen tysdag.
Ifølgje dommaren er det også lagt vekt på at vitna vil oppfatta denne type filming som negativ.
- LES OGSÅ: NRK vil vise Breiviks reaksjoner
Av allmenn interesse
Oslo tingrett tillet ikkje video- og lydoverføring frå vitneforklaringane til pårørande og etterlatne. Årsaka er at det vil vera ei urimeleg påkjenning for desse. Det vart heller ikkje opna for kringkasting av den fem dagar lange forklaringa til Breivik, som vart avslutta måndag denne veka.
NRK meiner argumenta til tingretten gjeld for dei råka, og ikkje for tiltalte. Vidare påpeikar NRK at bileta av reaksjonane til Breivik har ein sjølvstendig informasjonsverdi i denne saka, særleg fordi spørsmålet om tilreknelegheit står så sentralt og er av stor allmenn interesse.
I søknaden heiter det blant anna at: «(..) «sakens aktører har gjentatte ganger understreket at spørsmålet om tilregnelighet vil måtte avgjøres etter den samlede bevisføring, der tiltaltes fremtoning under rettsforhandlingene vil være et sentralt moment».
Breivik sa nei
I går bad fagdommar Arntzen partane om deira synspunkt på dette.
Aktoratet hadde ingen innvendingar mot ei slik kringkasting, medan både forsvararane og bistandsadvokatane motsette seg dette.
Forsvarar Geir Lippestad sa i retten i går at dei meiner framstillinga vil bli skeiv dersom folk får sjå reaksjonane til klienten på fjernsyn, utan å sjå eller høyra kva han faktisk reagerer på.
– Reaksjonane hans vil då kunne bli tekne ut av samanhengen. På bakgrunn av det har tiltalte ei veldig klar oppfatning om at han ikkje ønskjer å bli filma under vitneforklaringane, sa Lippestad.
Koordinerande bistandsadvokat Siv Hallgren opplyste også retten om at dei på vegne av sine klientar ikkje ønskjer filming av gjerningsmannen sine reaksjonar.
– Me har ei viss forståing for pressa sine argument, men vil likevel motsetja oss det fordi me ikkje veit nokonting om Breivik sine eventuelle reaksjonar på vitna som kjem. Mange av dei fryktar å koma hit og vitna, og mange er redde for at detta vil gjera det enda vanskelegare, argumenterte Hallgren.