Astrid Eide Hoem gøymde seg i ei hole i vasskanten på Utøya. Ho opplevde marerittet den 22. juli. No gjenopplever ho mykje der ho følgjer rettssaka i overføringsdomstolen Nordmøre og Romsdal tingrett.
– Eg ønskjer at alle skal hugse kven dei var då dei løfta rosene i rosatoga i sommar. Eg vonar at vi finn tilbake til kjærleiken, det fellesskapet og det samhaldet som Noreg viste. Det vil vere trist om nokon må gå gjennom denne tida åleine, seier Hoem.
Dette er frå rosetoget i heimbyen til Astrid Eide Hoem, Kristiansund. Det er viktig å ikkje gløyme det som rørte seg i folket desse dagane, seier Hoem.
Foto: Ken Alvin Jenssen
– Tilbake til kvardagen
Astrid Eide Hoem var 16 år då Anders Behring Breivik gjennomførte terroraksjonen i Regjeringskvartalet og på Utøya. Då var ho leiar i Kristiansund AUF. No er ho blitt fylkesleiar i Møre og Romsdal AUF.
- Les også:
- Les også:
Sjølv vel ho å følgje store deler av rettssaka. Men ho ser at fleire no vel å halde seg vekke frå rettssalen.
– Rettssaka er ikkje normalen. Det er den unormale delen av livet. Det er kvardagen som er normalen. Mange vil no halde seg til kvardagen. Dei har innsett at dei ikkje vil bruke meir tid av livet sitt på dette, seier Astrid Eide Hoem.
I dag har Anders Behring Breivik fått forklare seg. På denne dagen bed Astrid Eide Hoem oss først og fremst feste oss ved kjenslene frå rosetoga sist sommar.
Foto: POOL / Reuters- Les også:
- Les også:
– Eit åtak på heile Noreg
Hoem trur at dette kan gjelde også dei som ikkje var på Utøya, i regjeringskvartalet eller er pårørande eller vener med dei direkte råka.
– Det som skjedde var eit åtak på heile Noreg. Alle føler seg råka i større eller mindre grad. Det er viktig at alle leitar fram det dei tenkte og følte under rosetoga sist sommar. Det er eit slikt samfunn vi vil ha, der vi viser samhald, kjærleik og fellesskap.