Tsunami-lærdom brukes i oppfølgingen av Utøya-overlevende - Eit omfattande forskingsprosjekt på reaksjonane til nordmenn som overlevde tsunamien i Søraust-Asia i 2004, er den viktigaste kjelda til psykisk oppfølging av ungdomen som overlevde Utøya-massakren 22. juli 2011. - Foto: Scanpix / Montasje

Eit omfattande forskingsprosjekt på reaksjonane til nordmenn som overlevde tsunamien i Søraust-Asia i 2004, er den viktigaste kjelda til psykisk oppfølging av ungdomen som overlevde Utøya-massakren 22. juli 2011.

Foto: Scanpix / Montasje

Tsunami-lærdom skal hjelpa overlevande etter Utøya-massakren

Lærdom frå tsunami-forsking kan gjera livet lettare for Utøya-overlevande. Det er mange likskapstrekk mellom tsunamien i Søraust-Asia i 2004 og Utøya-massakren 22. juli, seier psykiatrar og psykologar som har jobba med begge grupper.

Eit forskingsprosjekt på erfaringane til dei tsunami-overlevande er no ei av dei viktigaste kunnskapskjeldene til helsevesenet i den psykiske oppfølginga av ungdomane som overlevde Utøya-massakren 22. juli 2011.

Råda som Helsedirektoratet sende ut til kommunane i august er i stor grad basert på funn frå tsunami-forskinga.

– Det er mykje som er likt, både når det gjeld sjølve hendingane og reaksjonane blant dei overlevande, seier psykologspesialist og forskar Egil Nygaard ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Utan forvarsel og nasjonalt traume

Under tsunamien i Søraust-Asia i 2004 var det 84 norske blant dei over 220.000 som omkom. Nordmennene som overlevde katastrofen kom tilbake til Noreg med ein tung bagasje, nokon i større grad enn andre.

Nygaard deltok i forskingsgruppa som fekk i oppgåve hjå norske helsestyresmakter å kartleggja reaksjonane hjå tsunami-overlevande. No er han med i prosjektgruppa som fram til 2015 skal sjå på korleis Utøya-massakren har påverka den psykiske helsa, sorgprosessen og funksjonsnivået til den råka ungdomen.

Les meir om Utøya-undersøkinga her (ekstern lenke)

– Både massakren og tsunamien var forferdelege enkelthendingar som råka utan forvarsel. Det var uoversiktlege situasjonar der folk kom i livsfare, mange vart såra og mista livet. Begge hendingane resulterte i eit offentleg, nasjonalt traume der det ikkje var tvil om kven som var offer, oppsummerer forskaren.

Psykologspesialist og forskar Egil Nygaard - Psykologspesialist og forskar Egil Nygaard har forska på reaksjonar blant nordmenn som overlevde tsunamien i 2004. No forskar han på det same blant Utøya-overlevande. - Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Psykologspesialist og forskar Egil Nygaard har forska på reaksjonar blant nordmenn som overlevde tsunamien i 2004. No forskar han på det same blant Utøya-overlevande.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Tre viktige læringspunkt

Forskingsprosjektet etter tsunamien blei svært omfattande og langvarig. Seinast i 2010 blei det gjennomført nye intervju med tsunami-overlevande.

Psykologspesialisten Nygaard peikar særleg på tre viktige læringspunkt frå tsunami-prosjektet:

  • Fast kontaktperson for alle fornærma og oppfølging i minst eitt år etterpå

  • Proaktiv modell for oppfølging. Det vanlege har vore at den som er råka sjølv må ta kontakt med helsevesenet ved behov
  • Familien til den som er direkte råka kan også få reaksjonar og ha behov for hjelp. Kontaktpersonen bør følgja opp desse også.

– Etter tsunamien såg me at sjølv om familie og nære vener er viktige støttespelarar for den som er råka, kan dei påverka og beskytta kvarandre på ein måte som ikkje nødvendigvis er bra. Den som har opplevd det kan til dømes halda tunge tankar for seg sjølv for ikkje å lasta dei andre. Dei andre kan unngå temaet for ikkje å tynga den som er offeret. Kontaktpersonen bør difor ha eit familieperspektiv i oppfølgingsfasen, utdjupar Nygaard.

Han understrekar også at det er ein veldig stor forskjel for dei råka, mellom det å bli oppsøkt av ein kontaktperson versus å sjølv måtte ta kontakt.

– Må ikkje sjukeleggjera normale reaksjonar

Psykiater og overlege Ove Steen ved akuttpsykiatrisk avdeling på Ullevål sjukehus har jobba tett opp mot begge gruppene overlevande. Også han ser mange parallellar mellom tsunamien og massakren.

– Det er ein veldig lik situasjon, og kjenslene til dei overlevande er av liknande intensitet, seier Steen.

Like etter at monsterbølgja slo inn over land i 2004, var Steen del av det norske helseteamet som reiste ned til Bangkok i Thailand for å bistå overlevande nordmenn. No har han hatt den same oppgåva i Oslo tinghus.

Overlegen står, saman med to sosionomar og ein psykiatrisk sjukepleiar, parat til å hjelpa folk som treng ekstra støtte når grufulle hendingar igjen skal fram i lyset i rettssal 250.

Psykiater og overlege Ole Steen - Psykiater og overlege Ole Steen har vore i beredskap på Oslo tinghus dei første vekene av 22. juli-rettssaka. Etter tsunamien i 2004 var han i Thailand for å bistå overlevande nordmenn. - Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Psykiater og overlege Ole Steen har vore i beredskap på Oslo tinghus dei første vekene av 22. juli-rettssaka. Etter tsunamien i 2004 var han i Thailand for å bistå overlevande nordmenn.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Forutan eit par tilfelle av gjenoppleving då det blei spelt av lydopptak frå Utøya, er det stort sett meir moderate reaksjonar Steen har merka seg blant dei fornærma som oppsøkjer tinghuset.

– Her er det fleire som sit og gret stille for seg sjølv. Dei fleste som får reaksjonar er mest slitne, leie seg, overvelda eller sinte. Det er viktig å ikkje sjukeleggjera slike normale reaksjonar, seier Steen.

Med eit diskét skilt på brystet vekslar Steen mellom å sitja inne i rettssalen og å sirkulera rundt i gangane.

– Me vil ikkje vera for påtrengande. Det er lov å visa kjensler utan at nokon kjem springande. Ser me teikn til større desperasjon, gjer me oss til kjenne. Det dreier seg stort sett om å lytta og vera eit medmenneske, fortel Steen.

Har intervjua 800 til Utøya-prosjekt

Forskarane frå NKVTS har til no hatt samtalar med om lag 330 Utøya-overlevande, og fått informasjon frå 460 foreldre.

Nygaard understrekar at Utøya-prosjektet ikkje er ferdig, og at det er veldig indivduelt korleis dei fornærma har hatt det etter ugjerninga. Det store biletet viser likevel at mange av dei same reaksjonane etter Utøya som etter tsunamien.

– Og i begge tilfelle er det kjensler og reaksjonar som er innanfor det som er normalt i tida like etter så traumatiske hendingar, påpeikar Nygaard.

Frykt, angst, sorg, sinne, påtrengande minne og vanskar med å utføra daglegdagse oppgåver er døme på det som vil vera innanfor det normale, ifølgje Helsedirektoratet.

For nokon kan plagene bli langvarige og utvikla seg til posttraumatisk stress, depresjonar, søvnvanskar, sosial isolasjon og endra oppfatning av sitt eige sjølvbilete.

Større risiko etter vald enn naturkatastrofar

Helsestyresmaktene vonar at kunnskapen frå tsunamiprosjektet skal kunne bidra til å minska risikoen for slike kroniske plager hjå Utøya-ungdomen.

Samstundes minnar både Nygaard og Steen om at det også er mykje som er ulikt mellom tsunamien og massakren.

– Dei som var på Utøya blei utsette for interpersonleg vald, tsunamien var ein naturkatastrofe. Erfaringane viser at det større risiko for å utvikla psykiske vanskar etter å ha vorte utsette for vald. Det kan få alvorlege følgjer for tilliten og synet me har på andre menneske og samfunnet rundt oss, forklarar Nygaard.

Forskingsresultata syner at det i hovudsak har gått bra med dei overlevande etter tsunamien, men at vaksne i større grad har hatt psykiske vanskar enn born og ungdom etter den fatale naturkatastrofen.

Etter å ha tilbrakt fleire arbeidsdagar inne på Oslo tinghus, har psykiater Steen inntrykk av at også ungdomen som overlevde Utøya stort sett greier seg godt.

– Det er relativt lite behov for oss. Me er ein ganske overdimensjonert beredskap og har ikkje hatt veldig mykje å gjera, fortel Steen.

Minneord utanfor Oslo tinghus under 22.juli-rettssaka - Minneord utanfor Oslo tinghus under 22.juli-rettssaka. - Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Minneord utanfor Oslo tinghus under 22.juli-rettssaka.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK


Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)