Hopp til innhold

"Afrika er ikke for alle"

Romandebutanten Tania Michelet skriv om eit Afrika som både duftar og stinkar.

Tania Michelet
Foto: Rolf M. Aagaard

"Afrika er ikke for alle" er tittelen på ein roman der handlinga er lagt til Afrika og hovudpersonen er britisk. Eit utradisjonelt val av debutant Tania Michelet, som likevel ikkje heilt har kome klar av alle dei tradisjonelle debutantproblema.

Scenen er eit Zambia i forfall. Halvbygde hus står langs vegen, dei store farmane køyrer for halv og temmeleg rusten maskin, alle har minst eitt bein inne i den uformelle delen av økonomien. Kolonitidas skilje mellom svarte arbeidarar og kvite farmarar lever vidare. Denne scenen er skildra i eit knapt og adjektivfattig språk, men med stor presisjon og skarpt blikk for detaljen som kan kaste lys over større samanhengar.

Hovudpersonen er Anna, ein ung, britisk jounalist som vender tilbake til barndommens Zambia frå London der ho no bur. Henne er det verre å få tak på, ikkje minst etter at vi blir introdusert for Richard som ho lenge lever med. Richard er andre generasjons kvit farmar. Han er brutal med dei svarte arbeidarane, slesk med damene og definitivt ikkje ein mann du bør kjøpe bruktbil av. Men Anna flytter inn hjå Richard, mor Deirdre og far Llewellyn:

"Da jeg kom til Zambia for å bo hos Richard, hadde jeg ingen penger, de siste dollarene mine hadde jeg brukt på å kjøpe tollfrie varer til ham. Richard hadde ledd da han åpnet kofferten min på farmen, det lå bare noen ytterst få, rufsete plagg der. Jeg hadde ikke engang en shorts. Deirdre sydde et par shorts til meg av mine slitte langbukser. Richards far Llewellyn utstyrte meg med en splitter ny Ford Fiesta, falskt førerkort og arbeidstillatelse. Han sørget samtidig for å skjelle meg kraftig ut for at jeg var kravstor, selv om jeg aldri hadde bedt ham om noe. Etter noen uker med rastløs virring rundt på farmen, sa jeg til Richard at jeg ville lære å fly, så jeg kunne tjene egne penger. Han kjørte meg prompte til Lusaka flyklubb, og samme ettermiddag hadde jeg min første flytime. Instruktøren Martin var en kjederøykende alkoholiker. Han greide knapt å holde seg våken i fem minutter om gangen, så jeg lærte raskt å fly."

Manglande utvikling

Denne litt knappe og distanserte stilen gjer at vi ikkje blir særleg godt kjent med personane, som heller ikkje forandrar seg nemneverdig i løpet av boka. Dette er heilt greitt, eller det vil seie: det kunne vore heilt greitt viss dei var fletta inn i ei historie. Men her er handlinga oppdelt i små, gjerne dramatiske episodar, og eg tek meg i å sakne at anten hovudpersonen eller handlinga skal utvikle seg i ei eller anna retning.

Levande miljøskildringar

Det som likevel gjer romanen interessant, er skildringa av miljøet, og særleg av dei kvite farmarane. Dei lever bak låste dører av angst for å bli rana eller myrda av sine eigne arbeidarar, dei lever med forakt for fintfølande europearar som blir forferda over måten dei behandlar dei svarte på, kort sagt dei kjenner seg misforstått av alle. I små grupper sit dei bak sine gittergjerde, supar gintonic og lengtar tilbake til kolonitida, og i romanen blir det heilt logisk at dei gjer det.

Eg les svært gjerne fleire Micheletromanar frå Zambia, som til no har hatt ein nokså marginal plass i norsk litteratur. Men når det går an å skrive gode romanar om handlingsfattige norske barndommar, så må det vere fullt mogleg å lage ei heil romansuite om min favoritt i "Afrika er ikke for alle", nemleg Deirdre, mora til Richard.

Boka er gitt ut på Kolon Forlag.